Si det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (onsdag 9. september 2009) Les mer…

Fullt mogleg med ferjefri kryssing av Sognefjorden

- Skulle det vore hengjebru over Sognefjorden hadde tårna blitt 400 meter høge, sa regionvegsjef Olav Ellevset. Det er derfor ikkje berre spørsmål om teknologi, men også kor mykje inngrep ein er villig til å gjere i naturen. — Foto: Arild Nybø, mediebruket.no

Regionvegsjef Olav Ellevset sa på Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane at tungtransporten mellom Stavanger og Trondheim vel å køyre om Oslo.

Han skisserte moglege løysingar for å køyre langs vestlandskysten i staden. Til dømes er det fullt mogleg med ferjefri kryssing over Sognefjorden, ved å utvikle ny teknologi.

- Tunnelar kan vi, sa Ellevset. Tunnel er eitt av fleire moglege alternativ. Eit anna er hengjetunnel, hengjebru, flytebru osv. (Sjå presentasjonen). I dag er verdas største flytebru Nordhordlandsbrua. Hardangerbrua er hengjebru og får 200 meter høge tårn.

- Skulle det vore hengjebru over Sognefjorden hadde tårna blitt 400 meter høge, sa Ellevset. Det er derfor ikkje berre spørsmål om teknologi, men også kor mykje inngrep ein er villig til å gjere i naturen.

Last ned Power Point-presentasjonen:
* E39 i Nasjonal Transportplan, planlegging og framdrift ved regionvegsjef i Statens vegvesen Olav Ellevset. (PDF-format).

Kommentarer

En av grunnene om ikke den viktigste er kostnadene med bompenger mellom de to stedene.
Her er hva det koster for vogntog å kjøre. Billig

Med en bro over sognefjorden eller tunell kan næringen plusse på med “litt til”